Vil du jobbe hos bioCEED? To ledige stipendiatstillingar

bioCEED lyser ut to stipendiatstillingar knytt til Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen. Stillingane har søknadsfrist 20. mai og er for ein periode på 4 år.

Den eine stillinga skal studere effektar av ulike endringar og kvalitetsfremjande tiltak i høgare utdanning, og er ein del av bioCEED si satsing på å utvikle og studere ein god kollegial lærarkultur med felles ansvar og stimulering av godt arbeid for studieprogram og undervisningskvalitet.

Stipendiaten skal studere effektar av ulike lokale og nasjonale tiltak for pedagogisk utvikling og studiekvalitet, samle ulike typar data om undervisarar og studentar og teste effektar av tiltak og politikk. Den som vert tilsett vil få høve til å utvikle og teste eigne problemstillingar og hypotesar knytt til desse tema.

Sjå meir om stillinga og naudsynte kvalifikasjonar i utlysingsteksten.

Den andre stillinga skal studere matematikk i biologiutdanningane, og er knytt til bioCEEDs arbeid med å utvikle gode modellar for integrering av generelle ferdigheiter og kunnskapar, og å bygge ein god progresjon i desse ferdigheitene og kunnskapane gjennom biologistudiet.

Stipendiaten skal utvikle og teste nye metodar og læringsverktøy for integrering av matematikk, statistikk, og modellering i biologiutdanningane. Den som vert tilsett vil få høve til å utvikle og teste eigne problemstillingar og hypotesar knytt til desse tema.

Sjå meir om stillinga og naudsynte kvalifikasjonar i utlysingsteksten.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *