The following article has been published by På Høyden:
20 personar ønsker å bli vurdert for den nye premieringsordninga for god undervisning ved UiB. – Undervisning er eit handtverk som ein kan læra seg, seier ein av søkarane, professor Øyvind Fiksen.
I juni lyste UiB som første utdanningsinstitusjon i Noreg ut moglegheita for å søka på status som framifrå undervisar.
Merriteringsordninga er ei prøveordning for tilsette på Mat.Nat.-fakultetet. Tysdag gjekk fristen ut, og 20 UiB-tilsette ønsker å få undervisningskompetansen sin vurdert for den nye graden.